Nytt Liv September – Oktober

14. september 2024

Nytt Liv

September – oktober 2024 NLS DFEF 24 årg.

Gud er kjærleik!

Nyleg så talte eg over dette emnet på bibelskulen. Vi kan ikkje fullt ut forstå Guds kjærleik. Bibelen seier at han som ikkje sparte sin eigen son vil gi oss alle ting med han! Guds kjærleik er ubeskriveleg. Jesus har auge som eldslogar. Han er full av varme og barmhjertigheit. Kjærleiken rekk ut til heile verda og den er evig. Han når opp til himmelen og heilt ned til dødsriket. Vi er satt i himmelen med Kristus og kan nyte hans godleik mot oss. Dette er vår stilling. Vi som var døde ved våre synder har vorte gjort levande. Det er nåde over nåde. Vi har så mykje å takke Herren for!

Guds kjærleik er utrend i våre hjarte og difor bryr vi oss om menneska rundt oss. Vi elskar fordi Jesus elska oss først. Ikkje alt som kallast kjærleik er det. Mykje er begjær. Det er fleire ord for kjærleik på gresk:

Eros står for forholdet mellom mann og kvinne. Fileo er forholdet mellom vennar. Agape er Guds kjærleik som er ubegrensa og som berre gir utan å kreve noko. Jesus viste dette då han bad for bødlane som korsfeste han. Judas Iskariot som forrådte han kalla han venn. Vi kan også be for dei som forfyljer oss og er vonde mot oss. Kjærleiken sigrar over hatet!

Nokre er Guds motstandarar og vil ikkje tru. Likevel elskar Gud dei og kallar til omvending. Om ein ikkje tek imot vil det mennesket gå fortapt. Gud er som ein god far. Vi har bildet av faren som venta på Den bortkomne sonen og laga fest når han kom heim att. Nokre gongar må Gud tukte oss for at vi skal bli sterke og å lære å gå på hans vegar. Han veit kva som er det beste for sine born. Herren gir oss alle gode ting å nyte. Han har skapt blomane for at vi skal ha det fint rundt oss! Gud vil

ikkje forlate oss om vi vert eldre og skrøpelege, men vil bære oss heim!

Nytt i Nytt Livs Senter

Det var eit fint dåpsmøte den 8. september. Vi vil gratulere Anthonet og Cetin som gjekk i dåpens grav. Gud var mektig nær og velsigna møtet. Dei hadde fine vitnesbyrd og vi vart meir kjent med dei. Det var også ein flott fest etterpå med mykje god mat. Vi har mykje å takke for som er frelste på veg mot himmelen. Vår bøn er at mange må ta imot Jesus si\om frelsar og herre og bli døpt. Det vil gi dei stor velsigning og framtid og von!

Elin er no godt i gong med ungdomsarbeidet. Ein fin flokk av ungdommar møter trufast fram. Sonia har no ansvaret for søndagsskulen og kjøkkenet. Ho er flink til å engasjere fleire til å ta del. Vi ynskjer å vere ei pulserande menighet der den enkelte kan få vere med å tene med den utrustninga og nådegåve dei har. Takk til alle som stiller opp både med vasking, med mat og ulike tenester. Må Gud løne dokke rikeleg tilbake.

Besøk i oktober

Frå 10. til 13. oktober kjem Hanne og Håkon Martinsen attende for å ha ein møteserie hos oss. Det gler vi oss til! Det var fine møte då dei var hos oss i fjor. La oss be og invitere med oss nye på desse møtene. Mane folk er søkande i desse dagar. Dei er urolege for økonomien og for framtida. Det er krig i Europa og rykta går at den kan nå oss. Det er berre Gud som kan gje verkeleg tryggheit. Kong David seier i Salme 27: « Om ei hær leirar seg mot meg så er eg likevel trygg.» Herren vil verne om oss uansett kva som skjer. «Lat no koma kva koma vil, eg veit ein stad eg kan fara til», seier Matias Orheim i songen «Ved Jesu føter ei stille stund.»

Den 20. september kjem evangelist Hilde Gjengedal. Ho deltok litt på stemnet vårt i sommar. Der fekk eg cd en «På hjemveg» som ho har spela inn. Den har eg spelt mange gongar. Det er fine songar til oppbygging. Hilde har ei fin stemme og eg har hørt at ho er ein god talar. Vi gler oss til å høyre henne også. Det er fint å få besøk utanfrå! Pastor reiser til Etiopia frå 16. til 24. september, og til Hardanger 4. til 6. oktober. Be for møta!

Fødselsdagar i september og oktober

Bhim og Mangala Darjee, Einar Reite, Sabri Iganze, Gift Igaraneza, Justine Mujawamariya, Leonard Mwamba, Mardochee Mwamba,

Sissel Ose, Chija Subba, Jharna Subba og Providence Yamuremye.

Vi gratulerer!!!

Møta i september og oktober

15.09. kl.11. Tale: Elin Leie: Hans Vert: Mangala

18. 09. kl. 17 Zoe

21.09 kl.19 One80

22.09 kl.11 Tale: Stig Longva Leie: Hildur Vert: Edith

25.09. kl. 17. Zoe

29. kl. 11. Tale: Hans Leie: Rut Vert: Hildur

2.10 kl. 17. Zoe

5.10. kl. 19. One80

6.10. kl.11. Vitnemøte Leie: Britt Karin Vert: Chija Brødsbryting

10.-13.10 Møteserie Håkon Martinsen

10. og 11. kl. 19

12. kl. 12. Friluftsmøte kl. 18. Møte Leie: Hildur

13.10 kl.11. Tale: Håkon Leie: Elin Vert: Edith

16.10. kl.17 Zoe

19. 10 kl.19 One80

20. 10. kl. 11 Tale og sang: Hilde Gjengedal Leie: Hans Vert: Martha

23. kl. 17. Zoe

24. kl.19. STYREMØTE

27. kl. 11. Tale: Elin Leie: Hildur Vert: Edith

30. kl. 17. Zoe

Tirsdag, onsdag og fredag kl.9:30, torsdag kl. 19 BØNNENS TIME.

NYTT LIVS SENTER

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor:

Hans Reite

hansreite@hotmail.com – tel. 93820172

Styre:

Edith og Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen

Solomon Mwamba og Oliver Niyonkuru

KONTO: 3991.04.18401 Vipps: 507177

HUSK TIENDEN TIL MENIGHETA !

Gud velsigne deg og dine. 2. Kor.9:8