Nytt Liv November

28. oktober 2024

NOVEMBER 2024 NLS DFEF 24 årg.

Lys i mørket

Jesus tala til dei og sa: « Eg er verda sitt lys. Den som trur på meg skal ikkje vandre i mørket, men ha livsens lys» Johannes 8:12

Det er november og mørketida er her. Vi ser no fram til jula og at sola skal snu. Dagane vert kortare og kortare og kulden kjem. Nokre kan slite med tunge takar og depresjon i denne tida, og dei nyheitene vi høyrer på tv og ellers i media er som regel negative. Då er det godt å minnes Jesus sine ord om at han er verda sitt lys. Gjennom han har vi framtid og håp. Han skal snart kome igjen og hente oss til sitt himmelske rike. Der er ikkje mørker eller noko vondt for han gjer alle ting nye! Jesus sa: «Når alt dette begynner og skje så lyft hovuda opp for forløysinga stundar til.» Vi har ein god bodskap å gje til alle dei som enno er i mørket. Det er så mange rundt oss som er utan Gud og utan håp i denne verda! No har vi anledning!

Skiltet på lokalet lyser for dei mange tusen som køyrer forbi kvar einaste dag. La oss be at mange vil lese kva der står og verte frelst. «Jesus vil deg det beste.» Det er eit slagord som vi har hatt i Nytt Livs Senter gjennom alle år. Tenk at det snart er 25 år sidan vi starta opp menigheita! Neste år vert det jubileum. Det har vore opp- og nedturar, men Jesus har vore trufast heile tida og sørga for oss på alle måtar. Det er godt å vite at han som begynte den gode gjerninga vil fullføre den. Måtte folk i Ørsta og i området her forstå at dei treng å vende om, og motta frelsa mens det enno er tid! Jesus sa at natta kjem då ingen kan arbeide. Ein dag er det for evig for seint. Søk Herren mens han er å finne, kall på ha den dag han er nær!

Nytt i Nytt Livs Senter

Det var fine møter då Hanne og Håkon Martinsen var her. Forkynninga var oppbyggande og god, og nokre fekk møte Herren gjennom forbønn. Det sang også nydeleg i saman. Av og til er det godt å få besøk utanfrå, og det kan gje ny inspirasjon til oss i tenesta i Guds rike. Det var også herleg å ha Daniel Osnes, Anton Tonev og hans familie her med lovsang. Vi vonar at dei snart kan kome attende. Det er kjekt at vi kan ha litt samarbeid med den nystarta menigheta Betania Herøy. La oss be for Harry og Margot Andersen og dei som er med i leiinga der.

Sist var alle fem i styret med på styremøtet. Det er lenge sidan det skjedde. Vi er glade for at Solomon er tilbake og kan delta. Han og Mary har vore trufaste i menigheta i snart 19 år! Etter fem år i Trondheim og Ålesund fekk Solomon fast jobb som bussjåfør her. Det takkar vi Gud for. Vi diskuterte på møtet mellom anna om å starte med husmøter rungt om i heimane til dei som ynskjer det. Det er viktig å kunne snakke saman og verte betre kjent med kvarandre, og ikkje berre sitte i menigheita og lytte til talar. Vi ser i Bibelen at det i den fyrste tida var vanleg med husmøter.

Økonomien

Vi slit med økonomien og i september var det dobbelt så mykje utgifter som inntekter. Dette må vi gjere noko med! Om alle medlemmar gav tiende ville det ikkje vere noko problem. La oss ha tru til Gud. Om vi gir tienden til menigheta vil han velsigne oss tilbake. Det er dyrtid og vi veit at mange slit og det er ikkje noko press eller tvang. Bibelen seier at Gud elskar ein glad givar. Der står også at vi kan teste Herren og sjå om ikkje han velsignar oss tilbake! Vi stolar på at han vil alltid gi oss alt det vi treng.

Samtidig så er det viktig at vi ikkje sløser med dei pengane han har gitt oss. No vert det kaldare og vi må huske på å slå ned tempraturen på omnane når vi ikkje er til stede. Straumen og nesten alle ting har vorte dyrare. Vi har kjøpt inn store lager av koppar og fat som vi kan spare på. Det er også fint at vi kan bruke ting i skapa og ha dei oppvaskmaskina, slik at det ikkje berre er eingongsting som blir brukt. Det er dyrt i lengda. Kopimaskina vart øydelagt og vi har fått kjøpt ei ny billeg saman med Zoe bibelskule. Vi brukar den mykje i bibelskulen og til å lage traktatar med.

I profeten Haggai står det at gull og sølv høyrer Herren til og at han vil gi oss alt vi treng. Difor skal vi ikkje bekymre oss, men berre gå til Gud i bøn og takk. Då skal vi få sjå at han gjer under og svarar på våre bøner!

Barne- og ungdomsarbeidet

Vi takkar for alle dei som stiller opp i dette vikige arbeidet. Monday har gått inn som medarbeidar i One80 og det er fint. Oppmøtet er bra og Elin underviser ungdommane med eit Alfa kurs. Det er svært interesant og givande. Be om at menge fleire både utenlandske- og norske ungdommar vil kome og delta. Vi høyrer at på Sørlandet er det mange ungdommar som er i brann for Jesus. Måtte det bli ei ny Jesus vekkjing slik det var for femti år sidan, då det var vanleg å vitne om Jesus på gatene!

Til søndagsskulen har vi oppretta ein ny konto. Det er for pengar vi får i støtte. Vi takkar Sonia og dei andre som stiller opp for borna. Dette er noko av det viktigaste arbeidet i Guds rike. Borna er framtida og utan at dei vert frelst og blir med, vil menigheta døy ut. Dei fleste som blir frelst vert det før dei er 20 år gamle. Evigheita er lagt ned i alle menneske og dei unge treng å få svar på dei viktigaste spørsmåla: Kvar dei kjem frå og kvar dei skal, og kven Gud og Jesus verkeleg er.

Husmøter

Vi startar no opp med husmøter på fredagane. Det begynner med oss i Lægdavegen 5 i Volda. Alle er velkomne. Seinare vil vi dele opp i grupper om vi vert meir enn ti. Det vert enkel servering med kaffi, te og kjeks. Vi vil samtale, dele Guds ord, synge og be. Gjennom dette vert vi meir knytte til kvarandre og lære kvarandre betre å kjenne. Vi er søsken i Herren frå ulike land og har samme åndelige Far. Vi elskar fordi han elska oss først. Om dei første kristne vart det sagt: «Sjå kor dei elskar kvarandre!» Kjærleiken er frå Gud og er eit bevis på at vi er Guds sanne barn.

Om nokon ynskjer å ha husmøte ute i distriktet, så er vi opne for det. Vi har no kjøpt ny menighetsbil som har plass til åtte personar. Målet for møta er at vi skal bli oppbygde i trua, men også at nye skal kome til. Vi kan invitere naboar og kjente. Det er lettare for ufrelste å gå til eit vanleg hus ennå å gå til eit menighetslokale.

Fødselsdagar i november:

Sabri Iganze 18.10, Gift Igaraneza 22.10, Justine Mujawamariya 4.10, Leonard Mwamba 31.10, Mardochee Mwamba 31.10,

Sissel Ose Tonheim 3.10, Chiya Subba 31.10 og Jharna Subba 18.10

Vi gratulerer!!!

Møta i november 2024 nls

3. kl. 11. Tale: Hans Leie: Elin Vert: Hildur Brødsbryting

6. kl. 17. Zoe

7. kl. 19. Bønnens time

8. kl. 17. Husmøte Reite

9. kl. 12. Gatekyrkje

kl. 19. One80

10. kl. 11. Tale: Oliver Leie: Hans Vert: Edith

13. kl. 17. Zoe

14. kl. 19. Bønnens time

15. kl. 17. Husmøte Cecil

17. kl. 11. Tale: Elin Leie: Hildur Vert: Martha

20. kl. 17. Zoe

21. kl. 19. Bønnens time

22. kl. 17. Husmøte Oliver

23. kl. 19. One80

24. kl. 11. Tale: Hans Leie: Rut Vert: Chiya

26. kl. 18. Husmøte Jørn

27. kl. 17. Zoe

28. kl. 19. Bønnens time

29. kl. 17. Husmøte Hategekiana

Tirsdag, onsdag og fredag kl. 09:30 Bønnemøte

NYTT LIVS SENTER:

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor: Hans Reite

Lægdavegen 5, 6100 Volda tel. 93820172

hansreite@hotmail.com

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba

Oliver Niyonkutu og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401 Vipps: 507177

Husk tienden til menigheta. Gud velsigne deg!