Desember 2024 – NLS – DFEF – 24 årg.
Gledeleg jul. Ein Frelsar er fødd!
Ho skal føda ein son, og du skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folkrt sitt frå syndene deira. Matteus 1:21
Jula nærmar seg og vi kan på ny minne om han som forlot himmelens herlighet for å kome til jorda dor å redde og frelse oss. Inkarnasjonen er eit stort under. Tenk at Gud vart menneske i Jesus Kristus! Det er det største som har skjedd i historia, og det vert no feira over heile verda. Ved trua har vi håp om å nå himmelen og få del i det evige liv. Diktaren Trygve Bjerkrheim seier det slik i songen som ørstingen Knut Ose sette melodi til: « Eg skal ikkje døy, men leve med Jesus til eveleg tid.» Som truande har vi framtid og von: Jesus skal snart kome att for å hente oss heim. Skrifta seier at han skal kome for dei som ventar på han. Det gjeld for oss alle å vere klare!
Bibelen seier at Jesus kom på den rette tida. Det var i Romarriket si tid og jødane var undertrykte. Dei trudde at Messias skulle frie dei ut og gjere dei til ein stor og sjølvstendig nasjon, men Jesus hadde ein annan agenda. Han kom for å frelse dei og oss frå våre synder. Dei var ikkje klar til å motta Herrens lidande tenar. Då gikk frelsa ut til alle heidningefolk. Til Noreg kom evangeliet for om lag tusen år sidan og det har vore ei stor velsigning. Songaren seier: «Vårt heimland i mørke lenge låg og vankunna ljoset gjøymde.»Vi vart løyste frå den gamle heidenskapen som vikingane hadde med bloting, blodhemn og utsetting av spedbarn som var uønska.
På juleafta går dei fleste nordmenn til kyrkje. Det er ein fin tradisjon, men ein kan spørre seg om kor mange som syng «Han er Frelsar min» som verkeleg meinar noko med det. For dei aller fleste er det nok berre ein gamal tradisjon. Når jula er over så er alt gløymt. Slik var det også for meg, men i 1972 sa eg til far min: «Pappa i år vil eg lese juleevangeliet». Det var ein tradisjon vi hadde på juleafta før vi åt ribbe. Evangeliet hadde vorte personleg for meg. Det året vart eg fødd på ny og døypt i vatn og Den Heilage Ande. La oss be om at mange i denne adventstida må få oppleve det same. Mange går på adventskonsertar og andre samankomstar der dei får høyre julesongar. Folk kan verte rørt og frelst berre ved ei lita setning i ein song!
Nytt i Nytt Livs Senter
Vi takkar Gud for hans trufastheit. Møtene går sinn gang og mange møter trufast fram. Herren er nær ved sin Ande og vi har mange gode møter. Nokre få nye har kome i det siste, og vi ventar framleis på ei innhausting av sjeler i Ørsta og området her. Nokre har forlatt meniheta, men vi ber at dei vil kome attende. Djevelen prøver å stoppe oss og å øydelegge forsamlinga, men det skal han ikkje klare. Eg fekk ordet i Matteus 16:17-18: «Og Jesus svarte og sa til han: Salig er du, Simon, son til Jonas for kjøt og blod har ikkje openberra deg det, men min Far i himmelen. Og eg seier deg at du er Peter; og på denne klippa vil eg byggje min menighet, og dødsrikets portar skal ikkje få makt over den. Gud står bak sitt løfte! Han som har begynt si gode gjerning vil fullføre den også i Nytt Livs Senter. Neste år kan vi feire 25 års jubileum og Jesus har vore trufast heile tida. Vi har kunne betale alle rekningar!
I det siste har vi starta opp med husmøte i ulike heimar. Det har vore til stor velsigning. Vi har vorte meir kjende med kvarandre, og møtene har vore på ein annan måte enn i lokalet. Vi kan samtale og bygge kvarandre opp på vår høgheilage tru. Eg sa ifrå at vi kan gjere møtene enkle med kjeks, te og kaffi, men nokre har laga til festmåltid. Det er ikkje nødvendig, men det er sjølvsagt frivillig korleis den enkelte vil gjere det. Vi har løfte om at der to eller tre er samla i Herrens namn vil han vere midt iblant oss og velsigne. Dette får vi verkeleg erfare og vi får kjenne at Gud er god og han gir sann kjærleik, glede og fred i ei tid med mykje uro, sorg og smerte!
Det går bra på styremøta. I det siste har alle fem kunna møte fram. Vi kjenner på einheit og fred, og kan i ro og mak diskutere dei ulike sakene og problema vi møter i verksomheita. Som ei internasjonal menigheit kjenner vi på mange utfordringar, og vi er glad for å ha med Solomon og Oliver med som representantar for dei frå andre land. Sjølv om vi er kristne kan vi sjå ulikt på ting, og der kan vere mange kulturelle forskjellar. Det er viktig at vi snakkar mykje saman slik at vi kan forstå kvarandre. Alle har noko godt å bidra med! Saman er vi alle eitt i Kristus trass ulik bakgrunn og hudfarge. Som ei internasjonal forsamling har vi ein forsmak på himmelen!
Barne og ungdomsarbeidet
Vi takkar for dei som trufast står med og underviser dei unge. I det siste har det vore mindre med born i søndagsskulen. Det er vinter og mange har vore sjuke, og der kan vere andre grunnar for fråveret. Det er så viktig at borna får høyre om Jesus heilt frå dei er små. La oss verkeleg be for barne- og ungdomsarbeidet. Det er framtida for menigheta! La oss huske spesielt på lærarane i bønn, og be at dei får styrke og hjelp til å klare arbeidet sitt. Det kan vere eit offer å stå på heile tida.
Vi takkar for at Monday stiller opp og hjelper Elin i ungdomsarbeidet. Det er til stor hjelp! Alfa kurset er interessant og givande for dei unge. Iradukunda og Maombi hjelper til med lovsang og andre ting, og Providence og Gloria er flinke til å hjelpe til på kjøkkenet. Det er også til stor hjelp og velsignelse. Vi har gode lokalitetar og utstyr med to bordtennisbord, billiardbord, store tv skjermar og andre ting, og takkar Gud som alltid hjelper og legg ting til rette for oss på beste måte! Be om at også norske born og ungdomar må kome til menigheta og bli frelst!
Zoe bibelskule
Det er no ellevte året vi har denne bibelskulen. Også i år er det om lag 20 studentar som tek del. Alle kan ikkje kome kvar onsdag, men dei fleste er trufaste og kjem veke etter veke. Det imponerar at folk kjem frå Ålesund, Hareid, Herøy og Nordfjord. Dette viser at der er ei interesse etter å studere Guds ord enno i dag. Rektor Per Arne Åkenes tek stadig fram nye aktuelle tema. Mellom anna så har han undervist om kva «woke» strår for, og no held han på med Abraham historia. Eg har tatt opp ulike emne, og held no på med det profetiske ordet i Bibelen. Det er som eit lys på ein mørk stad, som det står. Berre Gud kjenner framtida, og mange av dei tinga som no skjer i verda er profetert i Den heilage Skrifta som er Guds ord.
Det er godt å kjenne at Herren er nær også på bibelskulen. Etter undervisninga er det ein halv time med bønn før kveldsmat. Mange tek del i bøna og ofte kjem det bodskap i tunger som vert tyda. Det er herleg at nådegåvene kan vere i funksjon! Vi ber også for den enkelte som har behov og salvar dei sjuke i Herrens namn. Husk på Per Arne og Annbjørg i bønn om at dei må vere ved god helse og ha det godt, slik at dei skal kunne fullføre den viktige tenesta som Jesus har kalla dei til.
Økonomien
Inntektene har gått noko ned sidan nokre har slutta. Vi har hatt store utgifter spesielt med innkjøp av ny bil. Bilen er nødvendig i tenesta med å hente folk til møta. Vi legg ikkje press på nokon, men anbefalar den enkelte som er medlem til å gi tienden til menigheta. Det er ei bibelsk ordning som Gud har stifta og som han vil velsigne. Når vi er lydige og gjer Herrens vilje så får vi erfare at han løner tilbake. Vi er glade i forsamlinga vår og at vi kan samlast sentralt med god plass og høve til parkering. Husleiga er no på nesten 18000 kroner, men dette skal vi med Guds hjelp kunne greie. La oss vere forsiktige og slå ned på straumen når vi ikkje er til stades!
I oktober var utgiftene kr. 55727 og inntektene kr. 42133, altså eit underskot på kr.13594. Det minkar på pengane, så la oss sørge for at vi kan få betalt alle rekningane. Vi forsøker å vere forsiktige og ikkje sløse med dei midlane Herren har betrudd oss med. Vi takkar for alle dei som gjer dugnad og stiller opp! Takk til dei som forkynner Guds ord utan vederlag. Når situasjonen er slik så har vi ikkje råd til å ha dyre besøk langvegsfrå. Vi ber at Guds ord skal ha framgang, og at vi alle kan vere sjelevinnarar og leie folk til menigheta og til Jesus. Gud velsigne dokke alle!
Fødselsdagar i desember:
Martha Tut (1.), Jacquline Uwimana (31.), Prince Yamuremye (16.),
Angelique Zawadi (24.), Maombi Innocent (14.), Ndayishimwe Innocent (14.9),
Olga Isheija (8.), Elsa Klokk (14.), Precious Nzauisenga (13.), Pierinne Owamahoro (1.), David Høydalsvik (24.), Mary Mwamba (31.), Jesus ! (24.)
Vi gratulerer!!!
Møta i desember:
1. Kl. 11. Tale og leie : Per Arne Åkenes Brødsbryting Vert: Hildur
4. kl. 17. Zoe
5. kl. 18. Bønn
6. kl. 17. Husmøte Oliver
7. kl. 19. One80
8. kl. 11. Møte: Tale: Hans Leie: Elin Vert: Martha
11. kl. 17. Zoe
12. kl.18. Bønn
13. kl. 17. Husmøte Hategekiana
14. kl.12. Gatekyrkje
15. kl. 11. Tale: Elin Leie: Hildur Vert: Chija
18. kl. 17. Zoe
19. kl. 18. Bønn
21. kl. 19. One80
22. kl. 11. Tale: Hans Leie: Britt Karin Vert: Edith
24. kl. 12. Julegudsteneste Vert: Jørn
29. kl. 11. Jule og nyttårsfest Vert: Karsten
Bønnemøte: Tirsdag, onsdag og fredag kl. 09:30
Torsdag kl. 18:00
NYTT LIVS SENTER:
Kyrkjegata 39, 6151 Ørsta. Frendetun 1. etg.
nyttlivssenter.no
Pastor:
Hans Reite
Tel.93820172
Styre:
HansReite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba, Oliover Nzayisenga
og Edith Reite
Konto:
3991.04. 18401
Vipps: 507177
Husk tienden til menigheta!
GOD JUL OG GODT NYTTÅR 2025!