Nytt Liv Januar

4. januar 2025

JANUAR 2025 DFEF NLS 25 årg.

GODT NYTTÅR!

Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Enno ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med. Her står det «enno ein gong». Dette viser at det som kan rokkast fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rokkast, kan bli ståande. Sidan vi får eit urikkeleg rike, så lat oss vera takksame og tena Gud med gudsfrykt og ærefrykt, til ære for Gud. For vår Gud er ein fortærande eld. Hebrarbrevet 12:26-29

Vi har fått eit nytt år i nåde av Gud. Kva vil skje dette året? Bibelen fortel at det kjem vanskelege tider, men vi skal ikkje fortvile! Vi syng i ein song: «Gud er på tronen ennu og han kommer sine i hu. Å tenk hvilket under, i prøvelsens stunder at aldri alene er du.» Jesus Kristus har all makt i himmel og på jord og han har lova å vere med oss alle dagar til han kjem og hentar oss heim til himmelen. Når vi ser korleis dei profetiske teikna går i oppfylling kan vi løfte våre hovud for vår forløysing stundar til. Vi skal snart få møte Jesus og sjå han som han er og få vere saman med våre kjære til evig tid. Som kristne har vi verkeleg noko godt å sjå fram til!

Vi leste at alle ting skal ristast i denne siste tid. Kva betyr det? At Herren tillet at alvorlege ting skjer for at folk skal vende om og bli frelst. Når det er velstand og alt går med så har folk ikkje noko behov for Gud. Slik har det vore lenge i Noreg. Det har ført til eit stort fråfall frå levande kristentru. Dei aller aller fleste er er ikkje fødde på ny og mange har berre eit skal av religiøsitet. Vi ser i jula at dei fleste går til kyrkje berre av gamal tradisjon. Ugudelighet har ført til korrupsjon og uærlighet og den enkelte kavar berre for seg sjølv. Vi ser til dømes i helseforetaka at toppane tar millionløner til seg sjølve mens der blir lagt ned viktige tenester som går ut over dei sjuke og lidande. Det kan i verste tilfelle føre til ein for tidleg død!

Mange i Noreg vart rysta i sjela då Donald Trumph vart vald til ny president i Amerika. Ein kunne spørre seg: Korleis kunne dette skje? Eg trur at Vesten og verda trengte ei ny retning å gå på. Trumph er imot globalismen, Pride rørsla og at islam skal få så stor makt i samfunnet. Han trur på Bibelen og står frimodig fram og seier kva han trur på. Dette kan gi oss frimod. Vi har fått ei forlenga nådetid til å virke på.

Nytt i Nytt Livs Senter

Den 12. januar skal vi ha eit menighetsmøte etter det vanlege møtet for å snakke

om det som skal skje i det nye året. Det er viktig at vi som menighet kjem saman og snakkar om det som skal skje. Kva aktivitetar skal vi ha og prioritere? Vi treng stadig nye medarbeidarar. Dette kan verkleleg be om. Etter at fleire slutta i 2024, så har vi også slete med økonomien. Kva kan vi gjere for å forbedre den. No i januar kjem det ei stor rekning for luftinga i lokalet. Vi anbefalar den enkelte å gi tienden inn til menigheta slik at vi kan ha overskudd. Vi må også planlegge for framtida og be om at vi får ein ny pastor som kan ta over. Eg vart nyleg sytti år og kjenner på at kreftene minkar. Vi treng yngre folk som har visjonar og energi til å virke i Ørsta.

Det vart litt kluss med betalingane av rekningar, og vi bestemte i styret at Elin skulle vere kasserar. Ho er i tillegg fast talar og leiar for ungdomsarbeidet og gjer ein stor innsats. Vi sa at ho skulle sleppe å vaske lokalet i det nye året. Då er vi glade for at nye har meldt seg til teneste. Sonia er leiar for kjøkkenet i tillegg til å vere leiar for søndagsskulen. Ho også gjer ein stor innsats og vi er takksame. Sonia har sagt at ho kan vere leiar fram til jula 2024. Er det nokon som kan tenke seg å ta over dette?Vi har lagt merke til at Gloria og Providence har vore flinke til å hjelpe til på kjøkkenet. Det er flott at ungdommen stiller opp. Daniel, Irandukunda og Maombi har vore flinke til å hjelpe til med lyd og bilde. Tusen hjertelig takk!

Bønn og innviing

Bønna er nok det viktigaste i kristenlivet. Det har vorte kalla «sjelas åndedrett». Vi veit at om vi ikkje pustar så døyr vi. Det er viktig at vi som kristne er disiplinerte og tek tid i bønn og med å lese regelmessig i Bibelen. Jesus sa: «Var dokke ikkje i stand til å vake ein time i bønn med meg? Vak og bed så de ikkje kjem i freisting. Ånda er villig, men kjødet er veikt.» Det er mykje lettare å ta timar med tv og mobilen enn å ta tid med Gud i bønn. Vi kan lære av nokre av våre afrikanske vennar som ber saman to timar kvar kveld. Dei er gode forbilleder for oss og forstår seg på åndeleg krigføring. Dei lærte i Afrika å vinne over den vonde og fekk sjå mange bli frelst der.

Året 2024 vart kalla «BØNNENS ÅR», og vi hadde dagleg eit fint bønnefellsskap med nattverd etterpå. Dette likte djevelen dårleg og sette inn på oss med splitting av menigheta. På stemnet i sommar så vart vi minte på at bønnearbeidet måtte forsette. Vi er nokre få som samlast tre morgonar i veka. I tillegg starta vi med bønnemøte torsdags kveld. Det er dårleg frammøte, men eg bestemte med å fortsette med dei likevel. Det er viktig å ikkje gi opp og vi har løfte om at der to eller tre er samla i Jesu namn, er han lova å vere midt imellom. Bønnemøta er kraftkjelda som det er viktig å ta vare på. Gud vil gi oss seier og framgong i Ørsta og området her!

I Matteus 6:33 står det: «Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal alle desse ting verte gitt dykk.» Vi vil difor ha bønn- og fastedagar 3.-5. januar. Fasten er sjølvsagt frivillig og bøna også. Eg vil vere på lokalet desse dagane og den enkelte er velkomen til å delta. Djevelen er svært aktiv i desse dagar, og då er det viktig å bruke dei åndelege våpena som Gud har gitt oss. De har ikkje fordi de ikkje ber, seier Skrifta. Gud har gitt oss mektige løfter. Han vil gi oss meir enn det vi veit å be om!

25 års jubileum

I august er det 25 år sidan vi starta opp Nytt Livs Senter. Det er utruleg kor fort tida har gått! Gud har vore trufast heile tida og sørga for oss på alle måtar. Vi har kunna betale alle rekningar. Herren fyl nøye med! Difor skal vi ikkje bekymre oss for det nye året og for framtida, men berre legge alt fram for Gud med bøn og takk.

Vi vil sjølvsagt markere dette jubileet på ein god måte, og eg foreslår at vi har eit lite stemne 29.-31. august. Gud skal ha æra for alt som har skjedd av positive ting desse åra. Vi trur på vekkjing i Ørsta, og at vi som menighet har det beste igjen. Vi er den einaste ikkje-Lutherske menighet, og dei einaste som praktiserar truandes dåp i Ørsta. Vi har vel i alle år vorte sett på som ei merkeleg sekt av mange, men etter 25 år så begynner dei å forstå at vi er seriøse og meiner alvor. Vi er ei opa menighet og går ut i avisene med det vi driv med og har jamnleg Gatekyrkje med kaffi og mat.

Kva har vi oppnådd alle desse åra? Vi har ingen ting å rose oss av, men ved Guds nåde har vi fått vere med å hjelpe mange med problem. Ein del har vorte frelst, lækt, døypt og sett fri. I alle år har vi vore ei internasjonal menighet der om lag halvparten av medlemmane er frå andre land. Vi har hjelpt dei med køyring og andre ting, og har fått mykje hjelp tilbake. Dette er som eit forskot på himmelen der vi skal vere saman frå alle stammer, land og folk og nasjonar og prise den levande Gud!

I tru har vi gitt tienden frå menigheta vidare til misjonen. No støttar vi om lag ti evangelistar og pastorar i Uganda, Etiopia, Benin og Japan med mange tusen kroner i månaden. Gjennom dette er vi med å vinne tusener av menneske for Kristus. Det er stort at vi saman kan få vere med i denne store tenesta. Gud har velsigna Noreg og vi kan vi saman få vere med å velsigna andre som er fattige. Dei er åndelig rike og velsignar oss ved å be for oss. No er det misjon andre vegen.

Zoe bibelskule

Vi har hatt eit fint skuleår så langt. Om lag 20 personar møter kvar veke fram til undervisninga. Nokre kjem heilt frå Ålesund, Hareid, Herøy og andre stadar. Rektor Per Arne Åkenes underviser for tida om Abraham historia. Det er interessant. Eg har i haust tatt opp ulike bibelske emner so eg har vorte mint om. Vi har eit fint fellesskap, og samlingane vert avslutta med ein halv times bønn og eit lite måltid.

Fødselsdagar i januar:

Elisabeth Uwabera (1.), Cyprien Hategekiana (1.), Vestine Inquabira (1.),

Britt Karin Ludvigsen (11.), Solomon Mwamba (10.), Fidele Nzayisenga (1.),

og Edith Reite (17. 75!)

Vi gratulerer!!!

Møta vi januar 2025:

2. kl. 18 Bønn

3.-5. Bønnedagar

5. kl. 11. Sang og vitnemøte. Leie: Hans Brødsbryting

8. kl. 17. Zoe

9. kl. 18 Bønn

10. kl. 17. Husmøte

11. kl. 19. One80

12. kl. 11. Tale Hategekiana Lede: Hans Vert: Maombi

kl. 13:30 Menighetsmøte

15. kl. 17. Zoe

16. kl. 18. Bønn

17. kl. 17. Husmøte

19. kl. 11. Tale: Elin Lede: Hans Vert: Martha

22. kl. 17. Zoe

23. kl. 18. Bønn

24. kl. 17. Husmøte

25. kl. 12. Gatekyrkje

kl. 19. One80

26. kl. 11. Tale: Hans Lede: Britt Karin Vert: Chija

29. kl. 17. Zoe

30. kl. 18. Bønn

Tirsdag, onsdag og fredag kl. 09:30 Bønnemøte

Nytt Livs Senter:

Kyrkjegata 39, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor:

Hans Reite

hansreite@hotmail.com

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba

Oliver Nzayisenga og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401

Vipps: 507177

Husk tienden til menigheta!

GODT OG VELSIGNA NYTT ÅR!