Nytt Liv Mars -April

28. februar 2025

Mars – april 2025 DFEF NLS 25 årg.

Remi Andre Hornes

GUD SVARER PÅ VÅRE BØNNER!

Rop på meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting som du ikkje kjenner til.
Jeremia 33:3

Dette ordet kom til meg ein gong då vi var i Japan. Menigheta vaks og vi trengte eit lokale å leige, men ingen ville gi oss det. Nokre i menigheta hadde delvis faste i tre veker, men ingen ting skjedde. Då eg var i faste i tre dagar, så fekk eg dette ordet på den tredje dagen. Gud stadfesta ordet og ikkje lenge etter så fekk vi leige eit lokale i tre etasjer med eit stort kors på taket. Gud kan gjere meir enn det vi ber om eller forstår! Faste er som ein turbo motor som gjer bønene meir effektive. Jesus sa at det skulle kome ei tid då brudgomen vart frå dei og då skulle dei faste. Det er ikkje først eit krav, men eit tilbod og privilegium som gjer at vi får fortare bønesvar.

Vi starta med bøn- og fastesamlingar i år 2000, det same året då menigheta starta opp, og har halde på med det fire helgar i året i 25 år. Eg trur at dette har hatt betydning for området vårt og delvis i heile landet og ellers i verda. I salme 2:8 står det: Be meg, så gjev eg deg folka som arv og heile jorda i eige. Dette ordet gjeld Jesus Messias, men vi får lov til å be i hans mektige namn.No i begynnelesen av mars så skal nokre vore samla til bønn og faste på lokalet. På det siste møtet talar Remi Andre Hornes som vi ser på bildet. Han var tidlegare avhengig av rus i mange år, men Jesus har satt han fri, og Remi er eit vitne om kva Gud kan gjere i eit menneske sitt liv. Han er ein bønnenes mann som ber for sjuke og ser at ting skjer.

Dette året ber vi om at minst ti personar skal vende om, bli døpt og tillagt menigheta. No er det tre som har meldt seg til dåp på ulike tider, og søndag 16. mars skal ein broder frå Iran verte døypt. Der er det stor vekkjing i Iran og millionar av menneske i den mulimske verda har kome til tru på Jesus Kristus.

Nytt i Nytt Livs Senter

Laurdag 8.mars kl. 13:00 er det årsmøte. Vi vonar at så mange som mulig kan delta, og vi vil legge fram årsrapport og reknskap for 2024. Det kjem også rapportar frå dei ulike verkegreinene. Vi er få arbeidarar og treng fleire til å hjelpe til med dei ulike tenestene. Frå no av vil dei som er vertar ha ansvar for å koke kaffi og sette fram kjeks i tillegg til å helse på folk og ta opp kollekt. Vi treng ikkje alltid ha måltid etter søndagsmøta, men nøye oss med kyrkjekaffi slik dei gjer det i andre menigheter. Om nokon vil ha med seg mat så har dei lov til det, men dei bør også hjelpe med å få servert det og rydde opp. Dette for at det ikkje skal verte for mykje for vertane.

Når det gjeld økonomien så er den no botnskrapt. Vi har brukt opp statsstøtta og må passe på at der er nok på konto til å få betalt husleie og andre nødvendige rekningar. Vi må derfor vere forsiktige med innkjøp, straumbruk og andre ting. Mange slit i dag med høge prisar på mat og rentene er høge. Difor må vi ta konsekvensen av at det er ei ny tid med nye utfordringar, og vi kan ikkje sløse med det Gud har betrudd oss med. Han har lova å vere med oss alle dagar og vil sørge for oss. Vi har no søkt om statsstøtte også for dette året. Den er ei god hjelp for oss.

Misjonen

I tru til Gud så fortsetter vi å gi tiende vidare til misjonen. Tiende er eit guddommelig prinsipp som Herren har lova å velsigne. Vi støttar evangelistar og pastorar og andre tiltak i Etiopia, Benin og Uganda. I bladet Internasjonal Evangelist Misjon kan du lese rapportar frå evangelistane om hundrevis av menneske som blir frelst og døpt, og nye menigheter vert starta opp. Vi får vere med på dette og Jesus har lova å løne oss tilbake! Misjon er ei av søylene i Nytt Livs Senter. Misjon er Guds hjartesak. Jesus sa: Gå ut i all verda og forkynn den glade bodskapen for alle menneske! Vi treng misjon ute i verda, men også i Noreg som har vorte svært sekularisert. La oss bruke kristne traktatar og nå ut til dei ufrelste rundt oss!

Misjonstur til Japan

Eg reiser til Japan frå 17. mars til 4. april. Det er nesten to år sidan eg var der og ser fram til å treffe vennar og kjente. Pastor Tamio Kaneko har lagt opp mange møter for meg, og eg skal mellom annna tre dagar til Hokkaido, øya i nord. I det siste har eg lest i japanmske bøker for å forfriske- og forberede japansken min. Det er eit utruleg kompliset språk, men eg lærte det i ung alder og har forsøkt å halde det ved like. For over førti år sidan fekk eg ein profeti om at det skal kome ei stor kristen vekkjing i Japan og dette trur eg på forsatt. I Peters tale på pinsedag siterar han profeten Joel og han sa: I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei unge skal sjå syn, og dei gamle skal drøyma draumar. Apostelgjerningane 2:17.

I slutten av mars vil kirsebærtrea stå i full blomst og det er eit vakkert syn. Folk samlar seg under trea og syng som er ein gamal tradisjon. Eg ser også fram til å ete japansk mat, og er fortsatt glad i Japan og det japanske folket! Be for Japan!

Korleis ferdast i Guds hus

Dette underviste eg om på Zoe bibelskule sist onsdag. Apostelen Paulus seier i 1. Timoteus 2:15 Men om eg skulle dryga så vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga. Vårt ynskje er at vi skulle være som ein kjærleikens oase der alle føler seg heime og der er harmoni. Dessverre så er det lett for at gnissninger kan kome inn og det vert ufred og splid. Djevelen er interessert i å spreie oss for alle vindar. Det er så viktig å stå i saman og elske kvarandre slik som Jesus lærte oss. Kjærleiken skjuler ei mengd med synder, står det i Skrifta. Det er lettare å sjå feila hos dei andre enn hos ein sjølv.

Det er fire viktige ting å huske på og respektere. Det første er respekt. Alle menneske er skapte i Guds bilete og har krav på respekt. I Ordspråket står det at den som foraktar den fattige hånar skaparen hans. Vi skal vise ære til alle og også til myndigheitene, sjølv om vi ikkje er einige med politikken deira. Jesus lærte oss å sette dei andre høgare enn oss sjølve. Den nåde vi har fått av Gud må vi praktisere i møtet med andre, og tilgi slik som Gud har tilgitt oss i Kristus. Om vi ikkje vil tilgi så vil Gud heller ikkje tilgi oss. Det er svært alvorleg og kan hindre oss i å nå himmelen.

Det andre er å vere vennleg. I Filipperbrevet står det: La alle få kjenne kor godhjarta de er. Dette er noko som skulle vere teiknet på alle sanne kristne. Skrifta seier også: Kvifor dømer du bror din eller søster di? Vi skal alle svare for oss sjølve framfor Guds domstol. Du skal sleppe å stå til reknskap for alle andre. Det er nok at vi «feiar for vår eiga dør.» Det er viktig å gjere opp og snakke saman, og ikkje bære nar til kvarandre. Det tredje er å vere hjelpsam. Tenk på den barmhjertige sameritan. Han hadde omsorg og hjalp sin neste i motsetning til presten og levitten.

Det siste nøkkelordet er å vere sann. Ein har lett for å ta på seg ei maske og gi eit falskt inntrykk, men det likar ikkje Gud. Jesus tok imot tollarar og syndarar, men refsa dei dei skriftlærde og religiøse som var mest opptatt av det ytre. Gud ser til hjartet og kva motiv folk har. Farisearane var mest opptatt av pengar, makt og posisjon, og hadde ikkje kjærleik til Gud i seg. Hykleri er ikkje bra og det er ei stor hindring for vekkjing. Dei ufrelste les våre liv så la oss vere sanne kristne! Jesus sa om Natanael at han var ein sann isralitt som det ikkje var svik i. Han var eit fint foredøme og la oss følge hans eksempel. Må vi aldri gå på kompromiss, men følge Jesus på den smale vegen. Då vil vi til slutt nå himmelens skjønne land!

Fødselsdagar i mars og april:

Jacquline (14.04), Galang (02.03), Monday (02.03), Daniel og David Y. (04.04),

Elin (02.04), Kjell K. (22.03), Caleb (30.03), Cecilie (26.03), Nyirabwisa (2.04)

Vi gratulerer!!!

BE:

  • For turen til Japan, familien og menigheta
  • Fred i Israel, Ukraina, Kongo, Sudan og heile verda
  • 10 bli frelst, døpt og lagt til menigheta i år

Møta i mars:

2. kl. 11.Tale: Remi Andre Hornes. Leie: Hans Vert: Chija Brødsbryting

7. kl. 17. Husmøte

8. kl. 13. ÅRSMØTE kl. 19:00 One80

9. kl. 11. Tale: Hans Leie: Tove. Lovsang Daniel Osnes Vert: Edith

15. kl. 12 GATEKYRKJE

16. kl. 11. Dåpsmøte Tale: Hans Vert: Anne

22. kl. 19. One80

23. kl. 11. Elin tale. Leie: Tove Vert: Paul

30. kl. 11. Tale Hategekiana Leie: Britt Karin Vert: Martha

Møta i april:

5. kl. 19. One80

6. kl. 11. Tale: Hans Leie: Elin Lovsang: Daniel Osnes? Brødsbryting. Vert: Paul

8. kl. 19. Styremøte

12. kl. 12:30 Dåpsmøte: Providence

13. kl. 11. Palmesøndag Elin tale Lede: Britt Karin Vert: Chija

17. kl. 18 (Skjærtorsdag) Vitnemøte med brødsbryting.

20. kl. 11 (1. Påskedag ) Tale: Hans Leie: Britt Karin Vert: Edith

26. kl. 12. Gatekyrkje

27. kl. 11. Tale: Tove Leie: Hans Vert: Anne

Onsdagar kl. 17. Zoe bibelskule (ikkje i påska)

Bønnemøte: Tirsdag, onsdag og fredag kl. 09:30 Torsdag kl. 19:00

NYTT LIVS SENTER:

Kyrkjegata 39, boks 78, 6151 Ørsta

nyttlivssenter.no

Pastor:

Hans Reite

hansreite@hotmail.com Tel 93820172

Styre:

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwamba, Oliver Nzayisenga

og Edith Reite

Konto: 3991.04.18401 Vipps: 507177

Husk tienden til menigheta. Gud velsigne deg!