Nytt Liv Juli – August

1. juli 2024

Juli – August 2024 – NLS – DFEF

Nytt Livs Senter

Stemne i Ørsta

Vi er glade for å kunne invitere til stemne i lokala våre i Kyrkjegata frå 10. til 14. juli.

Det er første gongen vi arrangerar sommarstemne så det vert spanande! Dessverre så har Tracy Cooke meldt avbud, men vi har fått fleire andre dyktige talarar. Alle ting skal verke til gode for dei som elskar Gud! Vi ber at Jesus skal openberre seg og at det vert himmelske dagar på jord. Sommaren skal ikkje vere ei tørketid for oss kristne . Vi kan kome saman og verte oppbygde i trua på Jesus. Tidlegare måtte vi reise til Sør- og Austlandet for å få åndeleg påfyll, men no er det sommarstemne i Tafjord, Herøy, Molde og Ørsta!

Dei som deltek som talarar er Per Arne Åkenes, Trond Taule, Arne Hole, Astrid Schistad Lundhaug, Ole Johan og Haldis Marie Harestad, og pastor. Daniel Osnes med team og Chari Agape (ei lovsangsgruppe frå Nytt Livs Senter) deltek med sang og musikk. På laurdag vert det friluftsmøte nær Alti og sang og musikkmøte om ettermiddagen. Det vert sett fram litt mat mellom møta og søndag vert det servert pølse og andre ting. Dette vert kjekt og vi ber om at mange må få eit møte med Jesus Kristus. Vi treng kraft til å kunne tene Herren i denne tida!

Det er bra at vi fekk forandre lokalet før stemnet. No ser det meir ut som ein sal og det er betre plass. Vi har over hundre stolar og håper at lokalet vert fullt av folk og av Guds herlegdom! Den som ber han får seier Guds ord. Vi veit at vi har bedt mykje og Gud er i ferd med å svare på bønene våre. Han kan gjere mykje meir enn det vi kan be om eller forstår! Vi kan ta nye steg i tru og får oppleve at Herren er med. Utan tru er det umulig å virke for Gud. Han skal ha æra for alt det som skjer!

Eit stemne er eit fellesprosjekt der fleire må delta for å få det til. Vi treng vertar og forbedarar. Sidan vi har mange predikantar til stades så er det mest dei som skal stå for forbøn og sjelesorg, men alle kan få vere med å rydde og få ting på plass.

Barne- og ungdomsarbeidet

Borna og ungdommen er framtida for ei menighet. Difor veit vi at søndagsskule, junior og ungdomsarbeidet er svært viktig! Ungdomspastor Einar har sagt i frå at han sluttar i oppgåva etter sommaren. Han har hatt oppgåva i tre år og har gjort ein stor innsats. Fleire av ungdommane har vorte døypte og har vakse i Herren. Sidan

Einar bur i Bergen og avstandane er store, så forstår vi at han har tatt denne avgjerda og ynskjer han lykke til vidare med Guds velsigning.

Vi treng å be om nye arbeidarar til søndagsskulen og One80. Det kan kanskje vere greit at to forskjellige personar tar ansvar for kvar sin oppgåve. Måtte Herren drive arbeidarar ut til sin haust og at folk ser kva dei skal gå inn i . I Johannes 21 seier Jesus til Peter som hadde fornekta han: Elskar du meg meir enn desse? Fø mine lam (borna). Han spør vidare: Elskar du meg? Fø sauene mine. Til sist seier han: Har du meg kjær? Fø sauene mine. Følg du meg!» La oss følge Jesus på den vegen han leier oss. Det er Kristi kjærleik som skal vere drivkrafta i liva våre eller så vert det tungt. Vi elskar fordi han elska oss først, og det er livet og eit privilegium å tene Jesus!

Nytt frå styret

Vi hadde ekstraordinert styremøte laurdag 29. juni der vi mellom anna snakka om Einar si teneste. Der kom det fram at vi vil dele styret i to delar med vanleg styre og eit elsteråd med brødre frå Afrika. Det har vore ein del kommunikasjonsproblem då der språkproblem og kulturelle vanskar. Elsterådet vil samtale og gi råd til styret. Solomon Mwamba som har vore her i 18 år vil vere leiar for elsterådet. Vi er ei internasjonal menighet med folk frå om lag ti land, og det er viktig at vi kommuniserar og samtalar med kvarandre. Vi vonar at fleire frå Afrika og andre land vil kunne delta i søndagsskulen. Det er eit stort behov og vi skulle helst hatt to klasser så dei store borna ikkje treng å vere saman med dei små og mister interessa.

Stå saman i kjærleik

Jesus seier. «Eit nytt bod gir eg dykk: De skal elske kvarandre. Av dette skal alle forstå at de er mine læresveinar, om dokke har kjærleik til kvarandre.»

Det er sterk åndskamp i dag og djevelen herjar. Han veit at tida hans er kort og at Jesus kjem snart igjen. Difor prøver han å skape splid i menighetene og få folk til å gi opp trua på Jesus. No før stemnet prøver han seg igjen og vi treng å stå saman skulder til skulder. Det er så lett å finne feil oss andre mens vi gløymer våre eigne feil og manglar. La oss sjå Jesus i kvarandre. Jesus sa at det vi har gjort mot ein av hans minste har vi gjort imot han!

Vi kan også tenke på at vi alle har ein «bagasje» med oss. Ein har opplevd vonde ting og fått sår som har vanskeleg for å gro. Alle treng kjærleik og vi skal vere Jesu hender og omsorg. Verda vert styrt av pengar og er kald, men Guds kjærleik kan varme når den vert sett ut i praksis. Det er flott at vi kan dele ut gratis mat til folk i distriktet som treng det. Vi kan vere Jesu hender og føter i Ørsta! La oss bære over med kvarandre og tilgi kvarandre slik Jesus har tilgitt oss. Då vert vi glade!

Ferietid

Etter stemnet tek pastor ferie i eit par veker. Jesus sa at vi skulle kome avsides og kvile oss litt. Det er viktig å få lade opp batteria slik at ein kan fortsette i tenesta. Folk reiser hit og dit, men det er ikkje nokon plass som er så fint som her i landet om sommaren. Vi kan gå i fjellet og nyte den fine naturen som Gud har skapt.

Før i tida hadde vi stengt i menigheta heile juli, men etter at pastor Per Olav Karlsen talte heile sommaren, så har vi bestemt å ha søndagsmøte gjennom heile året. Djevelen tek ikkje ferie og det er viktig at vi vaker og ber og står fast i trua. I juli får vi vitjing av evangelist Kjell Ove Sandvik frå Ulsteinvik. Han har tidlegare vore avhengig av rus, men Jesus har satt han fri. Det vert også eit vitnemøte der den enkelte kan få vere med å dele eit ord eller fortelle om kva ein har opplevd. Det gjeld å vere kort og å dele tida med andre, slik at fleire kan kome til.

Vi ønske god ferie for den enkelte og ber om beskytting for alle so er ute og reiser. I Salme 91:11 står det at han skal gi sine englar beskjed om å bevare oss på alle våre vegar. Jesus er trufast og er med oss ALLE dagar! Det er krig i Europa og dyrtid, men Herren har lova å sørge for sine. Som kristne har vi ingen ting å frykte og kan sjå framtida trygt i møte. Snart skal vi få møte Jesus og alle våre kjære igjen!

Fødselsdagar i juli og august:

Steevy Ishimwe (9.08), Rut Johansen (30.07), Kc Surben (26.08),

Kjersti Koppen (20.07), Anne Lise Løvoll (30.07), Jennifer Mbabazi (11.07),

Chabnic Mizero (21.07), Gloria Mwamba (21.08), Clementine Sperto (07.07),

Uwineza Nyiramuqisha (17.08), Mukamusoni Nyrazano (18.07),

Uduase Ornella (15.08), Mahoro Raissa (27.07), Hans Reite (27.08),

Jørn Sætre (03.08), Rukia Shadia (16.08), Charles Yamuremye (07.07),

Joshua Bahat (13.08), Nayeli Chala (21.07), Sillion Chale (04.08),

Bal og Bishnu Darjee (29.07), Munta Darjee (01.08), Rosbel Eikrem (18.07),

Claudien Gasana (18.07), Hildur Hovdenakk (06.08),

Irandukunda Innocent (29.07)

Vi gratulerer!!!

BE:

• For stemnet. At mange møter Jesus!

• At mange i Ørsta og distriktet vil vende om.

• Beskytting for Israel og Noreg

• Beskytting for dei som reiser

• Framgang i Nytt Livs Senter

• Beskytting for alle forfylgde

• Valet i Amerika. Guds vilje skje

• Rettferdige lover i landet

• Barne og ungdomsarbeidet

• Nye medarbeidarar

Møta i juli og august:

6. kl. 12:00 Gatekyrkje

7. kl. 11:00 Møte. Oliver talar. Leie: Hans Vert: Edith Brødsbryting

10. – 14. juli STEMNE

10. kl. 15:00 Per Arne Åkenes

kl. 19:00 Trond Taule

11. kl. 11: 00 Arne Hole

kl. 15:00 Trond Taule

kl. 19:00 Hans Reite

12. kl. 11:00 Arne Hole

kl. 15:00 Marie Harestad

kl. 19:00 John Åge Rødseth

13. kl. 12:00 Friluftsmøte

kl. 15:00 SANGMØTE

kl. 19:00 Astrid Schistad Lundhaug

14. kl. 11:00 Astrid Scistad Lundhaug

20. kl. 19:00 One80

21. kl. 11:00 Kjell Ove Sandvik Leie: Hanne Birte

28. kl. 11:00 Vitnemøte

3.08. kl. 19:00 One80

4. kl. 11:00 Hans tale. Hanne Birte lede Brødsbryting

11. kl.11:00 Tale Elin Leie: Hans

13. kl. 19:00 Styremøte

17. kl. 19:00 One80

18. kl. 11:00 Einar tale. Leie: Elin

25. kl. 11:00 Hategekiana tale. Leie: Hanne Birte

Dagleg kl. 09:30 Bønnemøte

Nytt Livs Senter:

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta nyttlivssenter.no

Pastor: Hans Reite

Styre: Edith og Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen

Eldsteråd: Solomon Mwamba, Oliver Nzayisenga og Cyprien Hategekians

Konto: 3991.04.18.401

Vipps: 507177

Husk tiende til menigheta. Gud velsigne deg. God sommar!