Nytt Liv Februar

6. februar 2025

FEBRUAR 2025 – DFEF – 25 årg. 

EVANGELIET, GUDS KRAFT TIL FRELSE 

 For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse  for kvar som trur, jøde først og så grekar. For i det blir Guds rettferd openberra, av tru først og sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru. 

Romarbrevet 1:16-17 

   Apostelen Paulua hadde ein brann i hjertet etter å nå ut til alle med den glade bodskapen om Jesus Kristus. Han var difor villig til å reise til hovedstaden i det romerske riket som var byen Roma. Paulus reiste dit som fange for å forkynne evangeliet og endte opp som martyr. Han som tidlegare hadde vore forfyljar, hadde fått frelse og nåde og gav alt for Jesus. Den som er mykje tilgitt elskar mykje, sa Jesus. Er vi villige til å ofre noko for at andre skal få del i denne vidunderlege frelsa? 

Når det går opp for oss kva vi er frelste frå, og kva vi er frelste til vil vi verte sette i brann for å få bodskapen ut til ei fortapt verd. Vi kan alle få vere med på dette! 

   Det er enno vinter og kaldt og vi ser fram til våren og lysare tidet. I kulden er det godt å kunne fyre i omnen og varme seg. Nokre gongar må vi streve litt for å få fyr. Då er det godt når alt begynner å brenne. Jesus sa: « Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend! Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullførd.» Når vi tenkjer på Jesu liding og alt han gjekk igjennom for å kunne frelse oss skulle vi ikkje skamme oss over han, men frimodig vitne om det han har gjort! Han har kalla oss alle til å vere hans vitner i heile verda. 

   Enno i dag er evangeliet ei Guds kraft til frelse og tusener vert dagleg frelst over heile jorda. Det er innhaustingstider til Jesus kjem att og henter oss til himmelen. La oss vere bedande og prøve å få med oss andre på himmelvegen. Det hastar! Vi må arbeide mens det er dag for natta kjem då ingen kan arbeide, sa Jesus. Ingen veit kor lenge vi har full friheit til å gå ut på gatene med bodskapen om Jesus. Det vert fleire og fleire lover i landet som forbyr all forkynning av evangeliet. Likevel så må vi lyde Gud meir enn menneske. Jesus er sjef over alle presidentar og kongar og han sa: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle som Gud har skapt! Den som trur og blir døypt skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.» Markus 16:15-16. 

Nytt i Nytt Livs Senter 

   Vi hadde eit greit menighetsmøte der vi fekk diskutere ulike ting. Pastor orienterte om planane om eit lite stemne i slutten av august då menigheta skal ha 25 års- jubileum! Det er utruleg kor fort tida har gått. At Nytt Livs Senter fortsatt er oppegåande er eit stort mirakel. Jesus har vore med heile tida og sørga for oss. Det kom fram at no er det litt økonomisk trangt og vi må prøve å spare. Vi treng ikkje avartere i avisene kvar veke, og vil vere forsiktige med straumbruk og innkjøp. Elin minte oss frå styret om kor viktig at den enkelte medlem viser ansvar og gir inn tienden til menigheta, men vi har ingen kontroll eller tvang. Gud elskar kvar glad givar, og ein får erfare velsigninga ved å lyde Guds ord i alle ting. 

   Det vart bestemt at vi har årsmøtet laurdag 8. mars. Også i år vil vi søke om statsstøtte som er ei god hjelp for økonomien. Vi veit ikkje kor lenge denne ordninga vil vare, men det er vår rett å få tilbake kyrkeskatten til medlemmane. Det kom fram at vi teng fleire til å vere vert, hjelpe på kjøkkenet og andre ting. Nokre er overarbeidde, og det viktig som menighet at vi deler på oppgåvene, men alt må vere frivillig. Gud er kjærleik og tvingar ingen , og det vil heller ikkje vi gjere. Bibelen seier: «Rop med jubel for HERREN, all jorda! Ten HERREN med glede, kom fram for han med jubel. Kjenn at HERREN er Gud! Han har skapt oss, vi er hans, vi er hans folk og den flokken han gjeter.» Salme 100:1-3 

Nye medlemmar og medarbeidarar 

  Vi har den store glede å melde at nyleg så har Anne og Paul Ystenes og Tove Nedregaard meldt seg inn i menigheta. Det er eit bønnesvar! Dei har i lengre tid komt trufast til menigheta og bibelskulen. Det er imponerande når dei har om lag to timars reise kvar veg der ferje er inkludert! Dei har verkeleg Guds brann i hjertene, og er med på gatekyrkje og anna evangelisering. Tove har eit spesielt kall til å forkynne over livet sitt, og allereie no i februar er ho sett opp til å leie eit møte. Paul og Anne  er med som vertar og vil delta i musikken. Dei er dyktige til å synge. Vi takkar for desse medarbeidarane og la oss be om nye. Be også at med tida kan vi få ein ny pastor. Eg er no i sytti- åra og er også engasjert i misjonen kvar månad. I mars planlegg eg ein to vekers tur til Japan for å delta på møtene der og treffe vener. 

    Vi takkar også for Maombi og Irandukunda som har begynt å hjelpe til med instrument i musikken. Eg ynskjer å hjelpe dei til å kunne starte ein ungdomsmusikk der dei kan også delta med lovsang på møtene. Vi takkar for Gloria og Providence som hjelper på kjøkkenet, og for alle som hjelper til! Det er bruk for alle som vil hjelpe til i Guds vingard. Jesus kjem snart og har løna si med! Joh.åp. 22:12. 

Husmøta 

  Vi er glad for å ha kome i gong med husmøta igjen. Til no har vi hatt møte hos Chija, Reite, Cecilie, Oliver, Cyprien, Justine, Clementine, Elisabeth og Tove. Det har vore velsigna samlingar der vi har sunge, bedt sammen og delt Ordet. Nokre plassar har det vore enkel servring og andre plassar har det vore flott middag. Dette står den enkelte fritt til, men vi må alltid huske at det åndelege er den viktiaste biten. Likevel så er også det å dele mat sammen også ei fin oppleving. Det gjorde dei første kristne. I Apostelgjerningane 2:46-47 står det: Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og år i lag med ekte glede. Dei song og lova Gud og var godt likt av alt folket. Og kvar dag la HERREN til nye som let seg frelsa.» Det er slik vi ynskjer det skal bli i Nytt Livs Senter! 

   Det er løfte om å kome saman i Jesu namn. Vi har løfte at der to eller tre er samla så er Jesus midt i blandt. Ofte er vi berre to på bønnemøta, men det er velsigna samlingar. Nyleg kom Lydia og Mikola på bønn, og det fungerte då vi la fram bønnebegjæra med oversettar på mobil! Alt er mulig no for tida. Vi ynskjer fleire velkome på husmøta og til å be og minner om løftet i Salme 133:»Sjå kor godt og vakkert det er når brødre bur i saman! Det er som den fine oljen på hovudet når han renn ned på skjegget, Arons skjegg, ned på linningen på kjortelen. Det er som dogg frå Hermon når han fell på Sions fjell. For der gjev HERREN velsigning, liv til evig tid.» Å samlast i Jesu namn kan vere som himmel på jord! 

Møta framover 

  Vi er glade for å melde at den 2. mars får vi besøk av evangelist Remy Andre Hornes. Han var tidlegare rusmisbrukar, men er no eit ivrig Jesus vitne. Han har ei spesiell nådegåve til å kunne be for sjuke og Gud brukar han mektig. Med han kjem det folk frå New Life i Ålesund. Vi gler oss til dette møtet, og la oss gjere det kjent! Ellers så brukar vi dei som er i menigheta til å tale og leie. Vi ber om at Guds ord skal ha framgang og få makt mellom oss. HERREN skal ha æren for alle ting! 

Økonomien 

   I desember kom det inn kr. 25789,31 og det var kr. 44309,28 i utgifter, så det var kr. 18519,91 i minus. Vårt mål ar at økonomien skal stabilisere seg og gå i pluss. Det var lenge at vipps var ute av funksjon, men no har vi fått ordna det. Gull og sølv hører HERREN til og vi stoler på at det skal gå bra også i år. Gud er trufast som kalla oss til samfunn med Son hans Jesus Kristus! 1. Kor.1:9. 

Fødselsdagar i februar: 

Samuel Chale 13.02, Andreas Høydalsvik 07.02, Jesper Ishimwe 06.02, 

 Oliver Nzayisenga 08.02, 

Vi gratulerer!!! 

BE: 

  • Vekkelse i Ørsta, Norge og heile verda 
  • At 10 blir frelst, døpt og lagt til menigheta i år 
  • Be om fred for Jerusalem, Israel, Ukraina og heile verda. Be for Trump. 

Møta i februar: 

2. kl. 11.  Tale: Hans  Leie: Tove  Vert: Anne   Brødsbryting 

5. kl. 17. Zoe 

6. kl. 18. bønnens time 

7. kl. 17. Husmøte 

8. kl. 19. One80 

9. kl. 11. Vitnemøte  Leie: Elin  Vert: Edith 

12. kl. 17. Zoe 

13. kl. 18. Bønnens time 

14. kl. 17. Husmøte 

15. kl. 12. Gatekyrkje 

16. kl. 16. Tale: Oliver  Leie: Hans  Vert: Paul 

22. kl. 19 One80 

23. kl. 11. Tale Elin  Leie: Britt Karin  Vert: Chija 

25. kl. 19 STYREMØTE 

26. kl. 17. Zoe 

27. kl. 18. Bønnens time 

28. kl. 17. Husmøte 

NYTT LIVS SENTER 

Kyrkjegata 39, Boks 78, 6151 Ørsta 

nyttlivssenter.no 

Pastor: 

Hans Reite 

Tel. 93820172 

hansreite@hotmail,com 

Styre: 

Hans Reite, Elin Roksvåg Torkildsen, Solomon Mwanda 

Oliver Nzayisenga og Edith Reite 

Konto: 

3991.04.18401 

Vipps: 507177 

Husk tienden. Gud velsigne deg!